«Løgn varar lengst» Ein forelders kamp i møte med systemet

 

Tysdag 22.11kl.19 og onsdag 23.11kl.19  på Det Vestnorske Teateret, i Skifte (tidlegare Logen Bar) 

 

Det byrjar med eit samlivsbrot. Aslak flyttar frå ei lita dotter for å leve ei annan stad, med ei anna kvinne. Så kjem det eit brev frå ein advokat.  

Aslak Moe er ein instruktør som har spesialisert seg i framsyningar som nyttar røyndommen som råstoff. Bak seg har han fleire produksjonar som formidla særs personlege møter mellom mennesket på scena og oss som sit i salen. 

Frå si eiga erfaring med delt foreldreskap, eit møte med «Foreningen 2 Foreldre» og ein massiv research i norske foreldretvister, står no Aslak der med forteljinga om ein far -og ein splitta familie sitt møte med det norske rettsapparatet, politiet og påtalemakta.  

Med «Løgn varar lengst» tek Aslak sitt røyndomsprosjekt endå vidare med ei historie som har grepe så sterkt tak i han at han vil formidle den sjølv. 

Bill. pris kun kr 150,-  Billettar kan du kjøpe her: www.detvestnorsketeateret.no eller du kan sendee-post til publikum@detvestnorsketeateret.no  

Varigheit: 1 time og 35 min. (utan pause) 

«Løgn varar lengst» er ein samproduksjon mellom Aslak Moe og Det Vestnorske Teateret