Hva med barna når de trenger far som mest?

Fleire fedre får fedrekvote

Regjeringa foreslår rett til fedrekvote for fedre med opptent rett der mor har ein stillingsdel lågare enn 50 prosent. Endringa inneber at far får rett til fedrekvote i alle familiar der begge foreldra har opptent rett til foreldrepengar. 1 500 fleire fedre får dermed moglegheit til å vere heime med barna.

I dag er det krav om at mor må ha opptent rett til foreldrepengar i ei stilling på minst 50 prosent for at far skal kunne ta ut fedrekvote. Regjeringa foreslår i budsjettet for 2010 rett til fedrekvote òg der mor har opptent rett til foreldrepengar i ein stillingsdel på mindre enn 50 prosent. Dette er foreslått for fødsler og omsorgsovertakingar frå og med 1. juli 2010. Forslaget inneber at det vil føreliggje rett til fedrekvote for alle familiar der begge foreldra har opptent rett til foreldrepengar. Lengre permisjonsuttak blant fedrar vil medverke til meir likestilte foreldreskap. Mor og far sin deling av foreldrepermisjonen legg eit viktig grunnlag for deling av omsorgsoppgåvene også etter at permisjonen er over. (BLD 13.9.2009)