Flertall med barn under 18 år

I 2008 vart det inngått 25 100 ekteskap.

I løpet av dei siste 30 åra er det berre i år 2000 og 2008 at det har vore registrert vigselstal på over 25 000. Talet på skilsmisser låg på same nivået som i 2007, medan talet på separasjonar var noko høgare.

I 2008 var det 10 200 ekteskap som vart oppløyste ved skilsmisse.

56 prosent av para som vart skilde i fjor, hadde felles barn under 18 år.
Av dei om lag 10 000 barna som opplevde skilsmisse, var om lag helvta i aldersgruppa 6-12 år.

Det er ingen årleg statistikk som viser kor mange par som kvart år flyttar saman som sambuarar.
SSB har heller ikkje årlege tal for sambuarpar som flyttar frå kvarandre, eller kor mange barn som opplever samlivsbrot.
 

Les mer på ssb.no