....kompetanse til meklarane om at både mor og far er likestilte foreldre, sier Anniken Huitfeldt

Ti millionar kroner til familievernet
Familievernet gjev årleg tilbod til over 30 000 par og familiar. Talet på saker og meklingar aukar kvart år. Hovudtyngda av klientmassen er par som søkjer hjelp i samband med samlivskonfliktar eller kriser. Familievernet utfører også mekling mellom foreldre før separasjon eller rettssak. Difor gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga med 10 millionar kroner til å opprette nye fagstillingar ved familievernkontor der behovet er størst.

-Eg ønskjer å styrke familievernet for å tryggje barna ved samlivsbrot og redusere konfliktnivået. Familievernet skal utviklast for å gje treffsikre tilbod til minoritetsetniske familiar, til homofile og lesbiske familiar og til familiar med voldsproblematikk, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.

Ytterlegare 2 millionar kroner vert foreslått øyremerkt for å auke behandlingskapasiteten i familievernet for valdelege menn. I tillegg er det sett av 1 million kroner for å fremje kompetanse til meklarane om at både mor og far er likestilte foreldre.
 

Les mer om statsbudsjettet på BLD

Barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt hadde et møte om familiesatsingen i forbindelse med statsbudsjettet på Kjøkken og Bar i dag kl. 14.45-15.15 tirsdag 07.oktober kl 14.45 – 15.15 på Kjøkken og Bar, Møllergt. 16 og pressen var velkommen.